Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Kommunale avgifter

Grunnlaget for fakturering av kommunale avgifter, er dei einskilde satsar som kommunestyret vedtek kvart år.

Spørsmål om, eller innvendingar mot, storleiken på ein faktura må rettast mot den aktuelle tenesteeininga.

Økonomiavdelinga er berre ansvarleg for fakturering og innkrevjing av alle kommunale avgifter og gebyr.

Avgiftstype: Forfallsdatoar:
.
Kommunale eigedomsavgifter 20.03, 20.06, 20.09, 10.12.
.
Månadlege rekningar som
husleiger, barnehage, SFO,
bu - og servicesenter,
praktisk bistand, hjelp i heimen
30. i kvar månad.
.
Andre rekningar Etter forfall på faktura.

Innfordring og purring
Kommunekassen purrar 2 gonger på ubetalte faktura. For kvar purring vert det lagt på eit purregebyr, kr. 56 ved første gangs purring og kr. 168 ved 2. gongs purring, ved for sein betaling. Det vert også rekna morarenter på 11,5 % p.a. fram til rekninga er betalt.

Eigedomsavgifter
For ubetalte eigedomsavgifter og festeavgifter har kommunen legalpant i eigedommen. Kommunen har for desse krava ein rett til å få dei dekka gjennom trekk i lønn eller trygd.

Dette betyr at ubetalte krav også kan verta innkrevd gjennom tvangssal av eigedommen eller bilen utan tinglysing av kravet. For krav som vert sende namsretten eller namsmannen, må skuldnar betala rettsgebyra. Der begjæring om tvangssal vert vedteke, kjem det eit tillegg på 10 rettsgebyr. Eit rettsgebyr er i dag kr. 860.

Fitjar kommune driv eigen inkasso på alle krav, så sant kravet ikkje blir betalt eller me kjem til ei avdragsordning med skuldnaren.

Kommunale eigedomsavgifter gjeldande frå 01.01.10
Vassavgift kr. 3.188,00
Kloakkavgift kr. 5.125,00
Feiing/branntilsyn kr. 500,00

Kalkulator for renovasjonsavgift i Fitjar kommune
Kalkulatoren finn du på SIM sine nettsider.

Slamgebyr
Informasjon finn du på SIM sine nettsider

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310


Postadresse
Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar
Fakturaadresse
Fitjar kommune, Pb. 187, 5402 Stord


Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950


Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no