Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Forsskotsskatt

Likningskontoret fastset og skriv ut forskotsskatt. Det er kun likningskontoret som kan endra forskotsskatten.

Grunnlaget for utskriven forskotsskatt er vist på Del 3 på skattekortet som du mottek ved kvart årsskifte.

Dersom inntekt eller frådrag vert vesentleg endra i høve til opplysningane på Del 3, bør du kontakta likningskontoret for å få endra forskotsskatten.

Fristar
Forskotsskatt forfell til betaling i fire like store terminar gjennom inntektsåret, jfr. Skattebetalingslova §20.

1. termin forfell 15. mars
2. termin forfell 15. mai
3. termin forfell 15. september
4. termin forfell 15. november.

Er utskriven forskottsskatt under kr 1000, forfell den til betaling 15. mai.

Siste frist for innbetaling av tilleggsforskot, jfr. skattebetalingslova § 21, er 30. april det året likninga vert føreteken.

Viktig!

-Dersom ein termin ikkje vert betalt ved forfall, vil heile skatten forfalla til betaling.
-Betalar du ikkje ved forfall, kjem det forsinkelsesrenter i tillegg med 12 % p.a.

Kontakt oss