Arbeidsgjevaravgift
Alle som har folk tilsett i si teneste, skal svara arbeidsgjevaravgift av løn og anna godtgjersle som vert utbetalt til dei tilsette og som skal lønsmeldast.
Det same gjeld den som engasjerer nokon til å utføra eit oppdrag, når oppdraget ikkje er å sjå på som ein lekk i sjølvstendig næringsverksemd for oppdragstakar.
Skattefrie institusjonar, foreiningar, offentlege etatar, private personar mm. skal betala arbeidsgjevaravgift når dei er arbeids- eller oppdragsgjevar. Det finst einskilde unntak, som vert omtalte seinare.
- Satsar for utrekning av arbeidsgjevaravgift
- Foretak som må nytta høgaste sats arbeidsgjevaravgift
- Utrekning av arbeidsgjevaravgift
- Om arbeidsgjevaravgift for køyregodtgjersle
- Om unntak frå avgiftsplikta
Her viser me til folketrygdlova § 23 - 2, som m.a. seier følgjande:
Løn og anna godtgjersle
Arbeidsgjevar skal betala avgift av brutto løn og anna godtgjersle for arbeid og oppdrag i og utanfor tenesteforhold som han pliktar å lønsmelda. Arbeidsgivaravgifta vert fastsett i prosent av det beløp som skal lønsmeldast for vedkommande år.
Plikta til å betala arbeidsgjevaravgift gjeld sjølv om beløpet ikkje skal lønsmeldast på grunn av beløpet størrelse, jf. folketrygdloven § 23-2, 1. ledd.
Det skal ikkje betalast arbeidsgjevaravgift når arbeidet eller oppdraget er utført som ledd i sjølvstendig næringsverksemd. Av godtgjersle til medlemmer i styrer, representantskap, utval, råd og liknande skal det alltid betalast avgift som av lønsinntekt, jf. folketrygdlova § 23-2, 2. ledd.
Naturalytingar
Av naturalytingar og utgiftsgodtgjersler som skal dekkja utgifter i samband med arbeid, oppdrag eller verv som nemnt i skattelova § 5-10 (1) a og b, skal det betalast avgift i den utstrekning naturalytingane og godtgjerslene skal takast med ved utrekninga av forskotstrekk, sjå skattebetalingslova §§ 5 og 6, jf. folketrygdloven § 23-2, 3. ledd.
Pensjonar og pensjonsforsikringar
Det skal betalast arbeidsgjevaravgift av arbeidsgjevar - og det offentlege - sitt tilskot til livrente- og pensjonsordningar. Det same gjeld pensjon frå arbeidsgjevar når pensjonen har byrja å løpa etter 1. januar 1988, jf. folketrygdlova § 23-2, 4. ledd.
Fristar / forfall
Fristar og forfallsdatoar som gjeld for oppgåver og innbetaling av forskotstrekk, påleggstrekk og arbeidsgivaravgift:
Termin | Oppgjersperiode | Oppgåvefrist | Forfall |
| . | |||
1 | januar og februar | 08. mars | 15. mars |
2 | mars og april | 08. mai | 15. mai |
3 | mai og juni | 08. juli | 15. juli |
4 | juli og august | 08. september | 15. september |
5 | september og oktober | 08. november | 15. november |
6 | november og desember | 15. januar | 15. januar |