Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Aksjeselskap - førehandsskatt og resterande skatt

Aksjeselskapa og norske avdelingar av utanlandske foretak er etterskotspliktige skattytarar. Etterskotsskatten består av to deler; førehandsskatt og resterande skatt.

  • Førehandsskatt
    Førehandsskatt er den del av skatten som selskapet skal betala før likninga er føretatt.

    Førehandsskatt vert skriven ut av likningsstyresmaktene på grunnlag av likningsopplysningar frå føregåande år.

    Førehandsskattesetel, kor det framgår kor mykje som skal betalast i førehanddsskatt, vert sendt ut frå likningskontoret i januar, året etter inntektsåret.
  • Resterande skatt
    Resterande skatt er differansen mellom utlikna skatt og utskriven førehandsskatt. Kor mykje som eventuelt skal betalast i resterande skatt, vil gå fram av skatteoppgjeret for det aktuelle inntektsåret. Skatteoppgjeret vert sendt ut frå skatteoppkrevjaren.
  • Betalingsfristar:
    Førehandsskatt skal betalast i to terminar:
    • 1. termin 15. februar
    • 2. termin 15. april


Resterande skatt forfell til betaling 3 veker etter utlegging av skattelistene er kunngjort.

Kontakt oss