Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Allemannsretten

 

Friluftslova og allemannsretten

Allemannsretten er eit gratis fellesgode. Retten er tufta på omsynsfull framferd overfor grunneigarar, andre brukarar og respekt for naturmiljøet. Friluftslova gjev retningsliner som syner korleis vi skal nytte desse rettane og pliktene:

* Det er ikkje tillate å ferdast på innmark, unnateke når marka er frosen i tida 15. oktober til 29. april. Innmark er mellom anna fulldyrka mark, kulturbeite, hage, hustomt og yngre plantefelt. Utmark er i prinsippet alt som ikkje er innmark. I praksis vil det vere største delen av strender, svaberg, vatn, myr, hei, skog og fjell i Noreg.

* Under ferdsle har alle rett til å dra opp båt eller kano på strandstrekning i utmark, for kortare tid. Du kan ikkje nytte kai eller brygge utan løyve frå grunneigar eller brukar.

* Med telt kan du fritt overnatte same stad i utmark inntil to døgn i låglandet, men reis ikkje telt nærare enn 150 meter frå hus eller hytte der det bur folk.

* Det er forbod mot å ferdast i naturen med motorkøyretøy.

* Ver varsam med eld, hugs at du ikkje skal tenne bål i nærleiken av skogsmark i tida 15. april til 15. september. Sett ikkje eingongsgrill direkte på bert fjell eller gras. Dersom du lagar bål i strandkanten, ikkje legg bålplassen rett på svaberg slik at berget sprekk.

* Hund skal haldast i band der bufe beiter. Nokre kommunar har strengare reglar for bandtvang, som det er hundeeigaren si plikt å halda greie på.

* Ville bær og sopp kan fritt plukkast.

* Jakt og fiske i ferskvatn og vassdrag inngår ikkje i allemannsretten. Retten ligg hjå grunneigar, som må gje løyve. Fiskekort kan kjøpast lokalt.

Meir informasjon om allemannsretten i strandsona finn du på nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning.

I område verna etter naturvernlova gjeld særskilde reglar. Kontakt Fylkesmannen om du ynskjer nærare informasjon.



Sjøvettreglane

1. Tenk tryggleik - Kunnskap og planlegging gjev redusert risiko og økt trivsel.

2. Ta med naudsynt utstyr - Utstyr må haldast i orden og gjerast lett tilgjengeleg.

3. Respekter ver og farvatn - Båten må berre nyttast under eigna tilhøve.

4. Følg Sjøveisreglane.

5. Bruk redningsvest eller flyteplagg. Det er påbudt med godkjent flyteutstyr om bord.

6. Ver utkvilt og edru. Promillegrensa er 0,8 når du fører båt.

7. Vis omsyn

Tryggleik, miljø og trivsel er eit felles ansvar.

Førebu deg på at det kan skje ei ulukke, og tenk gjennom korleis du bør fara åt: Halda roen, bli ved båten og tilkalla hjelp.


Jakt og fiske

I sjøen er fritidsfisket fritt, noko som er ein viktig del av allemannsretten, og ein kan fiske utan løyve frå grunneigaren. Dette gjeld også laksefiske i sjøen med stong, men fisket må skje minst 100 meter frå elveutløpet. Det frie fisket gjeld også fiske med fastståande reiskap. Eit unnatak frå fritt fiske er fiske med fastståande reiskap etter anadrome laksefisk. Her har grunneigaren fyrsteretten på og nær eigen grunn. Det finst eit omfattande regelverk for fisket i saltvatn. Det handlar om både lovleg reiskap, merkingsplikt og fisketider. For fiske med stong eller andre handreiskapar er det relativt få restriksjonar.


Frå 1. januar 2002 fall fiskeavgifta for fiske etter innlandsfisk bort. Enkeltpersonar og familiar slepp dermed å betale årsavgifta til staten. Ved fiske etter laks, sjøaure og sjørøye må ein framleis betale avgift. Du må framleis kjøpe fiskekort lokalt. I perioden 1. januar til 20. august har born og ungdom under 16 år rett til gratis fiskekort der det er organisert kortsal. For vassdrag med laks, sjøaure og sjørøye skal dei berre betale lokal fiskekortavgift.


Småviltjakt krev at du er registrert i jegerregisteret og har betalt jegeravgift. Alle fyrstegongsjegerar må avleggje jegerprøven. I tillegg til jegeravgift må du løyse jaktkort lokalt. Skal du jakte frå båt på sjøen, krevst det berre jegeravgift. Det er berre tillate å felle individ av artar det er fastsett jakttid for. Andre artar er freda.


Opplysningar om jakt og fiske i Hordaland kan ein få ved å ta kontakt med Norges Jeger- og Fiskerforbund i Hordaland (nettsider: http://www.njff-hordaland.com)/ eller med administrasjonen i kommunane. Direktoratet for naturforvaltning har mykje nyttig informasjon om jakt, fiske og friluftsliv på nettsidene sine (http://www.dirnat.no)./

Kontakt oss