Nytt klasserom - feiring i 3. klasse

Oppretta: 27.06.2007 – Sist oppdatert 27.06.2007

Klasse 3B har endeleg fått nytt klasserom. Det gamle biblioteket ("gymsalen" i gamlebygget)er no gjort om til klasserom. Biblioteket blir flytta til ungdomsskulen.

 

Tysdag 12. september var det feiring av nytt, stort, lyst og triveleg klasserom. 3B har flyttainn i dei nye lokala og er då plasserte i nær fysisk avstand til elevane i 3 A (som også var med på feiringa). Mellom dei to klassane er det innreia to nye grupperom til felles bruk og nytte, og det er laga ny garderobe.

Vaktmeistrane, som har gjort ein stor jobb med å få ferdig dei nye romma, var med på feiringa.
Etter ei flott framføring av elevane med songar, opplesing og dikt, vart det feira med bollar -og brus i stette-glas!