Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Vitja Kongen

Oppretta: 21.05.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

I samband med grunnlovsjubileet vitja ordførar Wenche Tislevoll både Oslo rådhus og Det kongelige slott.

Ordførar Wenche Tislevoll helsar på Prinsesse Astrid. Foto: NTB Scanpix

Ordførarane på slottstrappa. Tislevoll i andre rekkje til venstre for midten. Foto: Oslo kommune/Sturlason.

 

På programmet stod mellom anna lunsj i Oslo rådhus, kulturelt program på Eidsvolls plass, ordførarvandring opp Karl Johans gate og mottaking på slottet. Ordførar Tislevoll nytta sunnhordlandsbunad og Fitjar kommune sitt ordførarkjede under arrangementet.

 

Sølvguttene underheld ordførarane i Oslo rådhus. Foto: Oslo kommune/Sturlason.

Kontakt oss