Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Tomtefeste innløysing

Oppretta: 21.11.2013 – Sist oppdatert 17.07.2014

Beskrivelse

Utbygd festetomt kan innløysast til prisar fastsette i gebyrregulativet i kommunen. I tillegg til innløysingssummen må det betalast dokumentavgift til Staten (2,5 % av kjøpesummen) og tinglysingsgebyr.

Ønskje om innløysing skal framsetjast skriftleg eller ved å fylle ut skjema på kommunen si heimeside. Når kommunen har motteke søknaden, blir det sendt faktura for den totale kostnaden. Saman med fakturaen følgjer fråsegn om sletting av festekontrakt. Den må underteiknast av festar(ane) og returnerast kommunen.

Når kjøpesummen er innbetalt og underteikna fråsegn er motteken av kommunen, blir skøyte sendt til tinglysing. Det tinglyste skøytet blir så sendt til tidlegare festar(ar), no eigar(ar) av tomta.

Innkrevjing av festeavgift blir stoppa frå betalingstidspunktet.

Lover

Tomtefesteloven

Rettleiing

Kontakt oss