Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Tolking av regelverk for tilskot til sjukdomsavløysing knytt til Korona

Oppretta: 24.03.2020 – Sist oppdatert 24.03.2020

Landbruksproduksjon er ei samfunnskritisk oppgåve, og landbruksdirektoratet har oppdatert informasjon om tilskot til avløysing ved sjukdom.

Det er fortsett eit krav om sjukemelding, enten i form av digital sjukmelding, sjukmelding på papir eller annan hensiktsmessig vis, for at det skal kunne gis tilskot til avløysing av bonden pga. sjukdom. NB! - NAV har no opna for at legar kan sjukmelde pasientar etter telefonkonsultasjon.

 

Det gis ikkje tilskot til avløysing av jordbrukarar som må ta seg av barn fordi barnehage/skule er stengt.  Om barnet blir sjukt, kan det gis tilskot til avløysing dersom jordbrukaren er med barnet til konsultasjon hos lege eller til behandling eller oppfølging ved helseinstitusjon godkjent av det offentlege, til og med det kalenderåret barnet fyller 12 år. Om det kan dokumenterast med legeerklæring at barnet har en kronisk eller langvarig sjukdom eller funksjonsnedsetting, som gir auka risiko for at forelde får fråvær frå arbeidet, kan det også gis tilskot om jordbrukaren må ta seg av barnet heime. I slike tilfelle kan det gis tilskot til og med det kalenderåret barnet fyller 18 år. Dette inneberer ingen endring eller nyansering i forhold til rundskriv 2020 - 3.

 

Avslutningsvis vil vi også vise til brev sendt frå Nærings- og fiskeridepartementet 14.mars til fylkesmennene, med presisering i e-post same dag. Her tydeleggjere det at barn av kritisk personell i blant annet verdikjeda for matvareforsyning skal gis et tilbod sjølv om barneskuler og barnehagar er stengt. Her står det at personar som arbeider i husdyrproduksjon omfattast av dette. Det understrekast at det berre er kritisk personell tilbodet skal gjelde for.

Landbruksdirektoratet er særs interessert i om det er spesielle situasjonar eller problemstillingar som no dukkar opp i samband med denne ekstraordinære situasjonen.

Meir informasjon finn de på landbruksdirektoratet sine side:

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/produksjon-og-marked/velferdsordninger/avlosning-ved-sykdom#koronna---smitte

 

 

Kontakt oss