Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Tilskot til verna kulturminne for 2019 søknadsfrist 15. november

Oppretta: 09.10.2018 – Sist oppdatert 09.10.2018

Hordaland fylkeskommune gjev støtte til kulturminne som er prioriterte i kommunale kulturminneplanar. Søknadane skal gå gjennom kommunen. Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Det kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan, som kurs og formidling.


Gjennom denne ordninga blir det ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Det skal nyttast eige søknadsskjema. Søknad skal sendast til Fitjar kommune, postboks 83 5418 FITJAR eller, innan 10. november. Ta gjerne kontakt med kommunen før du søkjer.

 

Sjå også retningslinjer for tilskot til verna kulturminne i Hordaland. (PDF, 134 kB)

 

Kontakt oss