Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Tid for å søkja plass i kulturskulen

Oppretta: 11.03.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Foto: Helga Rimmereid

Det er no tid for å søkja plass i Fitjar kulturskule. Søknadsfrist er 1. april.

Elektronisk søknadsskjema finn du her

Kulturskulen vil frå august 2011 tilby undervisning i: song, gitar, piano, tverrfløyte, slagverk, fiolin, tilrettelagtundervisning, messingundervising (aspirantopplæring til Fitjar skulekorps, frå 3. trinn) og band.

Kontakt oss