Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Status for Øyaplanen.

Oppretta: 09.09.2015 – Sist oppdatert 09.09.2015

I tillegg til Øyaplanen er det to andre planar til høyring som heilt gjeld same tema som Øyaplanen:
Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland, som vil vera styrande for Øyaplanen.
Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger, som kan gje føringar for Øyaplanen.

Begge planane vil og gjelda for «fastlands-Fitjar», og har  høyringsfrist 1. oktober. Kommunen vil handsama uttalar til  planane i møta 17 september i Utval for plan og miljø og 30 september i kommunestyret.

Det er planlagt endelege vedtak i begge planane tidleg i 2016.  Vår eiga Øyaplan må nødvendigvis fylgja i tid etter at me har eit vedtak på den interkommunale planen. Øyaplanen vil såleis bli kunna bli ferdig i løpet av 1. halvår  2016.

Me vil vedta eit forlenga byggje- og delingsforbod for Øyane ut 1. halvår 2016.

I løpet av hausten vil me ta kontakt med dei som har gjeve innspel.

 

Kontakt oss