Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Søk sosialhjelp digitalt

Oppretta: 11.10.2019 – Sist oppdatert 11.10.2019

Du kan no søkje om sosialhjelp digitalt i vår kommune. Den nye løysinga gjer at du kan søkje heimefrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.

For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerhetsløysingar som Buypass eller Comfides.

 

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringje NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få veiledning over telefon. Du kan også få hjelp på NAV-kontoret i åpningstida. Viss du av ulike årsakar ikkje kan eller ynskjer å nytte den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du fortsatt møte opp på NAV-kontoret eller bruke papirsøknad.

 

Meir informasjon

På menyen på nav.no under sosiale tjenester og økonomisk sosialhjelp finn du meir informasjon. Veiviser økonomisk sosialhjelp nav.no

Kontakt oss