Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

REGIONALT NÆRINGSFOND 2011 TILDELING BEDRIFTER - NYETABLERINGAR

Oppretta: 15.04.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt Næringsfond.

Fondet er finansiert av Hordaland fylkeskommune og skal medverka til å realisera fylkeskommunale mål for utvikling, særleg innan kompetanseheving, omstilling, nyetablering, innovasjon og nyskaping i næringslivet og tilrettelegging for dette.

Prioriterte satsingsområde i Sunnhordland er nyskaping/entreprenørskap, energi, marin sektor/havbruk, reiseliv og kulturbasert næringsutvikling.

Tildeling til bedrifter – nyetableringar kan gjevast i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Sveio og Tysnes.

 

Det kan søkjast dekking av inntil 20 % av totalkostnaden i eit prosjekt.

 

Det er lagt opp til to tildelingsmøter i 2011 (juni og november)

 

Søknadsfrist for å verta handsama i møte i juni er sett til  18 mai.

Søknadsfrist for å verta handsama i møte i november er sett til 26. oktober .

 

Søknad skal sendast til Samarbeidsrådet for Sunnhordland, postboks 444, 5403 Stord eller på e-post: firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no

 

For meir informasjon ta kontakt med Samarbeidsrådet på telefon 53 45 67 90 eller sjå på Samarbeidsrådet sine nettsider : www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no

 

Kontakt oss