Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Pressemelding

Oppretta: 13.06.2019 – Sist oppdatert 13.06.2019

Fitjar kommune vil  informere om vassforsyninga knytt til det kommunale vassverket. 
Største delen av innbyggjarane i Fitjar har kommunal vassforsyning. Fitjar kommune har stabil og god vassforsyning og har ikkje avdekka problem med kvaliteten på vatnet. Vi gjennomfører regelmessig prøvetaking av råvatn, rensa vatn, høgdebasseng og på ulike stadar i leidningsnettet. Prøvane vert analysert på laboratorium i Lervik. Administrasjonen gjennomførte tysdag  ekstra gjennomgang av internkontroll for vassverket.

Når vi gjennomfører større vedlikehald  på vassverket, eller dersom det oppstår problem, sender kommunen ut innbyggjarvarsel på SMS til berørte innbyggjarar og informerer på kommunen sine heimesider.

Dersom drikkevasskjelda skulle bli forureina, er det rutinar for utsending av kokevarsel gjennom befolkningsvarslingssystem, varsling av spesielt utsette verksemder og institusjonar, og ein har utstyr for distribusjon av nødvann.

Fitjar kommune har ikkje reservevasskjelde som kan levere godkjent drikkevatn men vi arbeidar med å etablere betre reserveløysing. Dette er eit tema i ny hovudplan for vatn- og avløp ( VA) som er under utarbeiding og som skal handsamast  av kommunestyret hausten 2019. 

Olaug Haugen
Rådmann

Kontakt oss