Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

PRESSEMELDING OM KORONASMITTE

Oppretta: 20.03.2020 – Sist oppdatert 20.03.2020


PRESSEMELDING                                                                                        20.03.20                                                                                                                   

 

FØRSTE KORONASMITTA ER PÅVIST I FITJAR KOMMUNE

 

Det første tilfellet av koronasmitte i Fitjar kommune er no påvist. Saka er av ein slik art at det set kommunen i ein krevjande situasjon. Den som er smitta har sitt arbeid på Fitjar bu- og behandlingssenter (FBB) som er sjukeheimen, og var på arbeid der førre helg. I løpet av helga vart vedkommande dårleg, og ho har ikkje vore på jobb etter dette.  Testing for koronasmitte vart gjennomført. I ettermiddag kom resultatet av testen som viste at vedkommande er smitta. 

 

Fitjar bu- og behandlingssenter (FBB)  som er den einaste sjukeheimen i Fitjar, har 21 enkeltrom i bruk. Desse er fordelt på to avdelingar, ein for demens og ein for somatisk. Den tilsette som er koronasmitta har kun vore i arbeid på somatisk avdeling.


Fitjar kommune har etablerte smittevernrutiner , og oppdaterte planar for smittevern og pandemi.  Desse er i bruk som grunnlag for det vidare arbeidet.  Smittverntiltak i tråd med FHI sine krav gjennomført i kveld : Tilsette som har vore i kontakt med den smitta er sett i karantene, pasientar får si behandling isolert til sine einerom,  smittesporing pågår.  Vidare arbeider kommunen aktivt med å finna personell som kan gå inn i plassen for dei tre som no må setjast i karantene. Sjukeheimen har ikkje adgang for andre enn pasientar og tilsette, og slik har det vore sidan førre søndag.

 

Kommunen sine eigne leiarar, smittvernlege og fagfolk, i samråd med andre faginstansar, vil driva sjukeheimen med smittevernregime i tråd med Folkehelseinstituttet sine forskrifter. Kommunen har oppretta kontakt med Fylkeslegen og Fylkesberedskapssjefen  i Vestland.

 

Pasientane på sjukeheimen i Fitjar får godt stell og omsorg, også i denne situasjonen. Og pårørande er informerte.

 

For meir informasjon om saka kan de ta kontakt med rådmann Olaug Haugen på tlf.  975 05 266

 

 

Kontakt oss