Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Pressemelding frå ordføraren i Fitjar

Oppretta: 25.03.2020 – Sist oppdatert 25.03.2020

Pressemelding frå ordføraren i Fitjar

 

Fitjar Mekaniske Verkstad er ei stor og viktig bedrift i Fitjar.  For å halda produksjonen oppe vil dei no få inn fleire utanlandske arbeidarar for ein periode. Sidan me er midt inne i ein stor pandemi er Fitjar kommune kontakta for å vurdera m.a. karantene- og smittevernforhold.  Kommunen behandlar saka på eit fagleg grunnlag etter nasjonale retningslinjer og smittevernlova.   Dei nasjonale retningslinjene seier at det ikkje er juridiske hindringar for at EØS-borgarar med arbeidsløyve kan komma inn i Noreg.  Kommunen skal vurdera om karantene- og smittevernforhold vert ivareteke på ein tilfredsstillande måte. 

 

I ei tid med strenge restriksjonar og nærast unntakstilstand over alt, har eg som ordførar fått sterke reaksjonar frå mange innbyggjarar i Fitjar på denne saka. Det vert gjeve utrykk for at dette skapar frykt i bygda.  Eg har forståing for fleire av innbyggjarane sine reaksjonar. 

 

Helsetenestene i Fitjar er alt hardt pressa. Mellom dei tilsette på sjukeheimen er det påvist koronasmitte. Dette medfører at andre tilsette må vera i karantene, og fleire tilsette må til for å driva sjukeheimen med strengare smitteverntiltak. Legekontoret slit og med å ha full bemanning, på grunn av karantene og sjukemelding. 

 

For å spara det lokale helsevesenet har ikkje folk frå andre stader lov til å overnatta på hyttene sine her i Fitjar. Andre verksemder i regionen har sendt mange utanlandske arbeidarar heim i denne tida.  I følge Folkehelseinstituttet har me ikkje nådd nivå 3 i pandemien enno. Me kan framover risikera enno fleire smitta og sjuke.  

 

Som ordførar meiner eg det er viktig å ta vare på næringslivet vårt. Likevel er me no inne i ei tid der me alle vert oppmoda til å gjera alt me kan for å hindra smittespreiing og ekstra belastning på det lokale helsevesenet.  På bakgrunn av dette reknar eg med at FMV og  andre næringsdrivande vil bidra i dugnaden. Sjølv om det ikkje er noko juridisk i vegen for å ta inn arbeidsfolk frå andre stader, oppmodar eg til at verksemdene gjer det dei kan for å finna andre løysingar. Dette kan t.d. vera å godta at ferdigstilling av prosjekt må utsetjast noko i tid.

 

Ordføraren i Stord, Gaute S. Epland, stiller seg bak det som er teke opp her. Epland viser til at Kværner har vist vegen for korleis bedrifter bør ta ansvar i situasjonen me står i, og sende tidleg heim sine innleigde utanlandske arbeidstakarar. Det er mange stordabuar som er opptekne av denne saka og har vendt seg til ordføraren med si bekymring. Fitjar og Stord har felles legevakt og samarbeid på andre område innan helse. Innafor næringslivet er det og mykje samkvem mellom kommunane. Det som skjer i den eine kommunen, vil såleis i stor grad påverka den andre, ikkje minst i situasjonen me no står i med handtering av korona-pandemien. 




Venleg helsing
Harald Rydland
Ordførar i Fitjar kommune
Tlf. 913 47 802

Kontakt oss