Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Oppfordring: Les breva dine på nett!

Oppretta: 23.02.2018 – Sist oppdatert 14.03.2018

Fitjar kommune brukar i større og større grad elektronisk utsending av brev for å kommunisere med eigne innbyggjarar.  Brev til verksemder og organisasjonar blir sendt via Altinn.  Dette gjer tryggare og meir effektive tenester for både avsendar og mottakar. Samstundes gjer det ein klår miljøgevinst, ved at det gjer mindreforbruk av papir og ikkje er avhengig av transport.

Skaffar du deg digital postkasse hos Digipost eller e-Boks, vi du sjå at stadig fleire offentlege verksemder sender post der. Då treng du kun å halda deg til éin felles digital postkasse frå det offentlege. Dessutan får du posten din raskare fordi du slepp å venta på postgangen, posten blir lagra på ein og same stad og me sparar miljøet.

Kommunen har i desse dagar sendt ut informasjon om takstgrunnlaget for eigedomsskatten til alle grunneigarar i kommunen. Mykje av innhaldet i breva er til informasjon om rettighetar og saksgang som kommunen er pålagt å informere om, men som mottakar ikkje nødvendigvis ynskjer eller treng å skrive ut. Breva er difor sendt digitalt, og kan opnast av mottakar i Altinn, same stad som ein får sjølvmeldinga. Alle som har motteke brev i Altinn får varsel på SMS eller e-post om informasjon om korleis ein kan logge inn og lese brevet. Breva kan lagrast der så lenge du ønskjer. 

I anledning utsendinga oppmodar me innbyggjarane våre om å opne korrespondansen i Altinn, slik at du slepp å få tilsendt brev i posten.

 

Adresseoppslag – Folkeregisteret
Uavhengig om posten vert sendt digitalt eller på papir, så nyttar Fitjar kommune den postadressa mottakar er registrert med i folkeregisteret.  Postadresse og bustadadresse er ikkje det same. Postadressa er den adressa du får tilsendt post på, medan bustadadressa er den adressa du er registrert busett på i folkeregisteret.

Mange eigedomar har no fått tildelt vegadresse. Dersom du får tilsendt brev som ikkje opererer med den nye adressa di (vegnamn og nr.), lyt du sjekke kva postadresse du er registrert på i folkeregisteret. Du kan sjå, og evt. endre, dine folkeregistrerte opplysningar på www.skatteetaten.no/no/person/folkeregister/.

 

Fitjar kommune tilbyr e-faktura.
For ytterlegare å spare miljøet og effektivisere utsending av faktura, tilbyr Fitjar kommune e-faktura. Dette kan nyttast på alle fakturaer frå kommunen, som for eksempel for kostnader knytt til kommunale avgifter, faktura for barnehage, SFO, heimehjelp, og tryggleiksalarm.
Tilbodet kan nyttast ved at ein registrer seg som e-fakturamottakar på faktura frå Fitjar. E-fakturareferansen di er kundenummeret ditt som står oppført på fakturaen. Når ein er registrert som e-fakturamottakar vil ein få fakturaen direkte til nettbanken for godkjenning.

Kontakt oss