Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Opna kuul skule

Oppretta: 09.05.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Ordførar Wenche Tislevoll meinte Fitjar hadde fått ein fin, funksjonell, sprek og kuul skule, då ho klypte snora for nye Rimbareid barne- og ungdomsskule.

 

Fullt amfi under opninga. Foto: Tore Nesbø/Fitjar kommune

Fullt amfi under opninga. Foto: Tore Nesbø/Fitjar kommune

 

Nøyaktig seksti år etter at gamleskulen stod klar, blei nye Rimbareid barne- og ungdomsskule opna. Ordføraren la vekt på at slike bygg gjer noko med dei som brukar bygga. - Men viktigast av alt, det legg til rette for eit godt læringsmiljø, sa Tislevoll.

 

Elever feira opninga med flott dans. Foto: Tore Nesbø/Fitjar kommuneDå gamleskulen blei opna for seksti år sidan stod det i avisa: "Sjeldan har ein folkeskule so fint eit lægje som skulehuset på Fitjar, og sjeldan har skuleborn slikt eit herleg utsyn over ein historisk og tradisjonsrikt stad som gutane og gjentone her." -  Dette gjeld framleis, same plassen og same utsynet, meinte Tislevoll.

 

Ho nytta òg høvet til å takka tidlegare skulesjef Edvin Aase, prosjektleiar Tore Nesbø, rektor Siv Grete Stamnes og alle som har arbeidd på nybygget for innsatsen.

 

Elevar framviste flott song og dans under opninga, til glede for medelevar, lærarar og andre frammøtte.

 

 

Kontakt oss