Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Nytt norskkurs for arbeidsinnvandrarar og andre interesserte

Oppretta: 19.09.2016 – Sist oppdatert 19.09.2016

Dersom det er interesse for det startar me opp med eit nytt norskopplæringskurs i oktober. Kurset vil gå føre seg på Rimbareid skule.

 

Me tek sikte på å gjennomføra ein  30 timars modul (30 * 45 minuttar) Prisen vert  kr 1.700,- for heile modulen. (Fråvær fører ikkje til reduksjon i prisen).

 

Nye deltakarar må pårekna ei utgift til lærebøker og nettlisens på om lag  kr  850,-. Deltakarane må ha med seg skrivesaker og kladdebok. Me vil  leggja opplæringa på fleire nivå (dersom det er nok deltakarar) slik at den passar både for nye deltakarar og for dei som har vore med frå før. Opplæringa vert gitt på nynorsk.

 

PLAN FOR GJENNOMFØRINGA

Undervisning måndag 17.30 – 19.00

Undervisning onsdag 17.30 – 19.00

 

19. oktober

24. oktober

26. oktober

31. oktober

2. november

7. november

9. november

14. november

16. november

21. november

23. november

28. november

30. november

5. desember

7. desember

 

Påmelding direkte  på mail til John Karsten Raunholm.

 

E- mail:  jora@fitjar.kommune.no  event. tlf. 53 45 85 25 / 97 50 13 70

 

Skriv i påmeldinga dersom du har gått på norskkurs før. Dersom du ikkje har gått på norskkurs før skriv du NY i påmeldinga. Påmeldinga må innehalda namn, postadresse, e-post adresse og  mobiltelefonnummer.

 

Påmeldingsfrist: Måndag 10. oktober 2016.

 

Kontakt oss