Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Nytt nasjonalt legevaktnummer 116 117

Oppretta: 28.08.2015 – Sist oppdatert 02.09.2015

Frå 1. september vert det lettare å hugsa telefonnummeret til legevakta.  Då kan du ringja det sekssifra telefonnummeret 116  117 for å koma til legevakta same kvar du er i Noreg. Det er dette nummeret («hundre og seksten- hundre og sytten») som skal brukast for å kontakta legevakta heretter, og det er gratis.

Same kvar i landet du er, kan du ringja 116 117 for å koma til legevakta.  Du treng ikkje lengre vita kva legevakt som gjeld i området.  Dette er særleg nyttig viss du er på ferie eller reise.

Legevakta skal hjelpa deg når fastlegane ikkje er tilgjengelege:

Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsetenesta.  Dersom det er mogeleg, skal du alltid ringja fastlegen først.

Kontakt med tenesta har tre nivå i Noreg.  Fastlegen er hovudkontakten. Legevakt skal hjelpa når fastlegane/legesentra ikkje er tilgjengelege. Dersom det er akutt og står om liv, skal du ringja 113.

Legevakta skal tilby hjelp med det som ikkje kan venta, når fastlegekontora er stengde. Legevakta der du er, kan også hjelpa deg når du ikkje kan bruka fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise.

Dei gamle «lokale» telefonnumra til legevaktene har framleis ein funksjon og vil framleis virka: 53 41 63 00

Av og til treng du å koma i kontakt med legevakta ein annan stad i landet enn der du sjølv oppheld deg, til dømes dersom du ringjer for eit familiemedlem. Alle legevaktene har difor eit eige nummer dei også kan kontaktast på.

Det lokale nummeret til legevakta finn du på kommunen si nettside eller i nummeropplysningstenestene.

Fakta:

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringja?

Fastlegane i opningstida

Legevakt 116 117 når fastlegane ikkje er tilgjengelege og hjelpa  ikkje kan venta

113 når det er akutt og står om liv

Nokre stader i Fitjar så kan du risikera å bli «ruta» til Tysnes legevakt,  då kan du be om å bli sett over frå Tysnes til Sunnhordland Interkommunale legevakt, eller du kan leggje inn postnummer etter talemeldinga. Du kan òg ringja det lokale nummeret 53 41 63 00.

 

Kontakt oss