Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Nytt høgdereferansesystem

Oppretta: 25.06.2015 – Sist oppdatert 01.07.2015

Frå 3. juli blir høgdegrunnlaget endra til NN2000. Kva inneber dette for deg?

 

Det gamle høgdesystemet i Norge er ikkje korrigert  for landheving og endra middelvannstand, og er ein medverkande årsak til at høgdeavmerkingen avviker frå dagens verkelegheit.

 

Nytt system-NN2000

Det nye høgdesystemet har fått namnet NN2000 (Normal Null 2000). NN2000 er eit felles nordisk vertikalt referansesystem som vil vera stabilt i overskueleg framtid. NN2000 er representert ved ein referanseflate (geoiden) som harmonerar med middelvannstand i referanseåret 2000.

 

Kvifor nytt høgdesystem?

Vi får no eit einsarta høgdesystem for heile landet, med kjent kvalitet. Høgdesystemet stemmer med det ein finn i «marka». Referanserammen (fastmerkene) må til ein kvar tid vera betre enn oppmålingsteknologien. Nøyaktige 3D-data og data fra laserscanning stiller store krav til høgdegrunnlaget. Meir presis påvisning av middelvannsnivå er viktig for bygg og anleggsvirksomhet.

 

Les meir om endringa her

 

Konsekvensar

Forskjellen mellom eksisterande NN1954 og nye NN2000 i Fitjar er relativt liten, maks 9 cm. Men endring av høgdereferanse krev ei omrekning av alle høgdeberande data, og vil soleis få betydning for offentlege etater, planleggjare, arkitektar, entreprenørar, og landmålarar. Dei kommunale kartbasane som er tilgjengelege for sal får nye høgder. Det er svært viktig at brukarar av kommunen sine kartdata er merksame på denne overgangen, og ikke blandar gamle og nye data med ulik høgdereferanse.

 

Merking av data

For å unngå mistyding etter overgangen må kart, teikningar og dataleveransar merkast med korrekt avmerking av høgdereferanse. For eksempel vil ein datafil frå kommunen etter iverksettingsdato alltid vera merka med VERT-DATUM NN2000. Dersom ein blandar høgdedata fra forskjellege system kan det få store konsekvensar.

 

Ny høgdemodell og nye fastmerker

Høgdene i ein GPS refererer seg til ellipsoiden. For å måle høgder i NN2000 treng ein ny høgdereferansemodell. Alle fastmerker både nasjonale og kommunale har fått nye høgder.

 

Informasjon om og nedlasting av fastmerker gjer du her

 

Entreprenører, landmålingsfirma og andre som vil ha tilgang til den nye modellen kan ta kontakt med kartverket her

Kontakt oss