Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Ny interkommunal legevakt

Oppretta: 19.02.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Kommunane Bømlo, Fitjar og Stord har slått saman legevaktordninga og etablert ein felles legevakt for innbyggjarane. Måndag 24. februar opnar den nye interkommunale legevaktstenesta dørene på Stord sjukehus.

 

- Prosessen starta i 2011 og kommunane har gjennomført både politiske og administrative samarbeidsprosjekt for å få til denne ordninga, fortel styreleiar Kjell Magnar Mellesdal i Sunnhordland interkommunale legevakt IKS.


Akuttmedisinske tenester

Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er plassert ved hovudinngangen til Stord sjukehus. Legevakta skal sikre at innbyggjarane får fagleg forsvarleg akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus ved behov for snøgghjelp. Om lag 30 000 innbyggjarar soknar til den nye legevaktstenesta.


- Me gjev hjelp til helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid. På dagtid skal ein framleis nytta fastlegen sin, opplyser Janett Svendsen, dagleg leiar for legevakta.


Legar som arbeidar ved legevakta er tilsette i Stord, Bømlo og Fitjar kommunar. Sjukepleiarane er frå Stord og Bømlo, og mange har lang erfaring frå arbeid ved legevakt. Kvardagar i ordinær opningstid, frå klokka 15.00-22.00, er to sjukepleiarar og ein lege på jobb. Heile veka på natt er ein lege til stades i aktiv vakt, og i helger samt heilagdagar har ein i tillegg ein ekstra lege i bakvakt på dagtid.


Framtidsretta driftsform

Fleire kommunar i landet har valt å samarbeida tvers over kommunegrenser for å etablera interkommunale legevaktstenester, og i Sunnhordland er ein sikker på at driftsforma er framtidsretta.


- Ordninga gjev ein meir robust og stabil teneste til innbyggjarane. I tillegg får ein eit større kompetansemiljø, styrka bemanning, mindre vikarbruk og auka opningstider, seier kommunalsjefen.

 

Legevakta nyttar seg av timebestilling, men vil alltid hjelpa dei sjukaste først. Til ein kvar tid skal ein nytta den døgnopne telefonen ved å ringja 53 41 63 00.

 

 

 

 

 

Opningstider for Sunnhordland interkommunale legevakt IKS:

Kvardagar: 15.00 – 22.00
Helg: 08.00 – 22.00
Heilagdagar: 08.00 – 22.00

 

Bilete på topp: Frå venstre: Knut J. Gram (kommunalsjef i Stord kommune), Anne Berit Hovstad Johansen (helse- og sosialsjef i Fitjar kommune), Kjell Magnar Mellesdal (styreleiar i Sunnhordland interkommunale legevakt IKS og kommunalsjef i Bømlo kommune), Bjarte Wilhelmsen (medisinskfagleg ansvarleg i Sunnhordland interkommunale legevakt IKS), Lars Helge Sørheim (kommunelege i Stord kommune) og Janett Svendsen (dagleg leiar i Sunnhordland interkommunale legevakt IKS).

 

Tekst og bilete: Emma Ölander Aadland, Stord kommune

Kontakt oss