Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Norskopplæring

Oppretta: 03.09.2015 – Sist oppdatert 06.10.2015

Fitjar kommune startar opp norskkurs for arbeidsinnvandrarar og andre interesserte i september.  Opplæringa vert gitt på nynorsk.

Kurset vil gå føre seg på Rimbareid skule. Me tek sikte på å gjennomføra ein 30 timars modul (30 * 45 minuttar) Prisen vert  kr 1.700,- for heile modulen. (Fråvær fører ikkje til reduksjon i prisen).
Nye deltakarar må pårekna ei utgift til lærebøker og nettlisens på om lag  kr  850,-. Deltakarane må ha med seg skrivesaker og kladdebok. Me vil  leggja opplæringa på fleire nivå (dersom det er nok deltakarar) slik at den passar både for nye deltakarar og for dei som har vore med frå før.

PLAN FOR GJENNOMFØRINGA

Undervisning måndag 17.30 – 19.00

Undervisning onsdag 17.30 – 19.00

 

23. september

28. september

30. september

12. oktober

14. oktober

19. oktober

21. oktober

26. oktober

28. oktober

                               2. november

4. november

9. november

11.november

16. november

18. november

Påmelding direkte  på mail til John Karsten Raunholm,  jora@fitjar.kommune.no  event. tlf. 53 45 85 25 / 97 50 13 70

Skriv i påmeldinga dersom du har gått på norskkurs før. Dersom du ikkje har gått på norskkurs før skriv du NY i påmeldinga.

Påmeldinga må innehalda namn, postadresse, e-post adresse og  mobiltelefonnummer.

Påmeldingsfrist: Fredag 18. september 2015.

 

Helsing

John Karsten Raunholm  (Skulesjef)

Kontakt oss