Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Meld frå om Pærebrann

Oppretta: 21.06.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Pærebrannaksjon i Sunnhordland

Mattilsynet trappar opp arbeidet mot pærebrann og ber birøktarar, hageigarar og andre om å melda frå ved kjennskap til, eller mistanke om angrep av pærebrann.

Pærebrann (Erwinia amylovora) er ein farleg bakteriesjukdom på eple, pære og prydbuskar i rosefamilien. Sjukdomen er påvist i delar av landet vårt, og Mattilsynet gjennomfører eit omfattande arbeid for å hindra at sjukdomen spreier seg til fruktdistrikt som Hardanger.

I Sunnhordland vart det i 2011 funne smitte av pærebrann i kommunane Kvinnherad, Fitjar og Austevoll. Rydding av vertplanter og synfaring vil halda fram i 2012. Målet er å førebyggja smitte, og å hindra vidare spreiing av denne plantesjukdomen.

Stord i bekjempingssona

Pærebrann på PilemispelKommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes finn seg i bekjempingssona. Her er det påvist smitte og ein driv kontinuerleg aktiv rydding av vertplanter og destruksjon av smitta planter.

Bekjempingssona grensar til observasjonssona. Her er det enno ikkje funne smitte av pærebrann, men overvakinga er intensivert.

Meld frå ved mistanke

Ved mistanke om pærebrann, meld frå til Odd Bondevik på e-postadresse: perebrann@haugnett.no

Les informasjonsbrev frå Mattilsynet om Pærebrannaksjonen

Kontakt oss