Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Manifest mot Mobbing

Oppretta: 23.02.2010 – Sist oppdatert 25.03.2014

Fitjar ungdomsråd har siste året hatt ein del fokus på arbeid mot mobbing. Rådet har saman med Stord ungdomsråd m.a. vore med å arrangert "Kjetil og Kjartan-show," ei framsyning som har fokus på arbeid mot mobbing.

I forlenging av dette arbeidet har ungdomsrådet laga eit lokalt manifest mot mobbing.


Dette er ei vidareføring av det nasjonale manifeste mot mobbing. Det lokale manifestet er meint å setja sterkare fokus på arbeid mot mobbing i vår kommune, samt forplikta alle vaksne og unge til å arbeida for at mobbing skal førekoma i minst mogeleg grad.

Ved å forplikta administrasjon, politikarar og andre vaksne i kommunen, seier ein noko om at det er viktig for oss at borna i Fitjar har eit trygt og godt oppvekstmiljø. At dei vaksne tek tydeleg avstand frå slik åtferd vil verka både førebyggjande, setja fokus på mobbeproblematikk og visa at i vår kommune er det ikkje toleranse for slik åtferd.

 

I Kommunestyremøtet den 17. februar vart manifestet underteikna av ordførar, skulesjef og leiar i ungdomsrådet.
Manifestet finn du her:

Kontakt oss