Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kursar seg i HMT

Oppretta: 11.03.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Kommunestyresalen var fullsett når 32 leiarar og verneombod måndag hadde fyrste dag av eit førtitimars kurs om helse, miljø og tryggleik.

 

Brannsjef Tore Nesbø diskuterer HMT-arbeid med leiar for driftsoperatørane Gisle Vik. Foto: Fitjar kommune/Bente Bjelland.

 

Kurset er ein del av personal- og HMT-systemet i Fitjar kommune. Kunnskap om HMT skal gjera Fitjar kommune til ein enda betre arbeidsplass for dei tilsette. Alle leiarar og verneombod skal ha kurset, og kunnskapen skal oppfriskast kvart fjerde år.

 

Kurshaldar Gro Lien frå Haugaland HMS fortel om arbeidsmiljøloven. Foto: Fitjar kommune/Bente Bjelland.

 

Forelesningane gjennomgår arbeidsmiljøloven, systematisk HMT-arbeid, pliktar og rettar ved yrkessjukdom og -skade, fysiske og kjemiske arbeidsmiljøfaktorar, førebygging av muskel- og skjelettplagar, førebygging og oppfølging av sjukefråvær, psykososiale tilhøve i arbeidslivet, mobbing og konfliktar og AKAN og krisar.

 

I tillegg må alle deltakarane skrive ei oppgåve med tema frå kurset.

 

HMT-kurset held fram onsdag 12. og måndag 24. mars.

Kontakt oss