Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kulturprisen og Næringsprisen 2019

Oppretta: 06.11.2019 – Sist oppdatert 06.11.2019

KULTURPRISEN 2019: Fitjar kommune ynskjer framlegg på kandidatar til kulturprisen for 2019. Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, grupper eller lag med tilknyting til kommunen. Prisen vert gjeven som eit symbol eller påskjøning for deltaking i aktivt og frivillig kulturarbeid over lengre tid.


NÆRINGSPRISEN 2019: Fitjar kommune ynskjer forslag på kandidatar til næringsprisen for 2019.Prisen kan tildelast einskildpersonar eller firma som har utmerkt seg i 2019, anten ved langvarig verksemd eller ved nybrottsarbeid.

 

Forslag for begge prisane skal grunngjevast og sendast til Fitjar kommune, Postboks 83, 5418 Fitjar eller på e-post til fitjar@fitjar.kommune.no innan 15. november 2019.

 

Kontakt oss