Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Kulturprisen 2016 til Temagruppa til Fitjar sokneråd

Oppretta: 08.12.2016 – Sist oppdatert 08.12.2016

Onsdag 7. desember vert det einstemming vedteke at kulturprisen 2016 skulle gå til Temagruppa til Fitjar sokneråd, som består av
Eli Simonsen, Hildegunn Aadland, Anne Britt Tornes og Benedicte Meyer.  Fitjar kommune gratulerer så mykje med ein velfortent pris!

 

Grunngjevinga for prisen lyder slik:

Temagruppa har arrangert opne temakvelder i Fitjar kyrkja, ein gong i månaden, i mange år. Kyrkjerommet er pynta med levande lys og blomar, så det innbyr til ro og til å ta imot. I byrjinga var det ikkje så fullt i benkeradene, noko som har endra seg dei siste åra. No er desse kveldane vorte svært populære óg for gjester frå nabokommunane.. 

Dei har fått mange spennande kulturformidlarar til Fitjar. Forskjellige tema har vorte formidla gjennom kunst, musikk, lyrikk og foredrag. For å få dette til har dei stått på år etter år. 

Døme på temakveldar: 

 Marianne Juvik Sæbø, Arne Pareli og Bergen Gospelcompagni01.12 2016): Julekonsert 

 Fitjar Kyrkjekor(12.10.2016) «Det er godt å være stille» 

 Ailin Reid og Torstein Hatlevik (25.08.2016) «Frå scenekant til kyrkjerom» 

 Trine Rein (11.08.2016), konsert 

 Bodil og Runar Kvernenes Nørsett (22.10.2015) «musikalsk kjøkkenbordsfilosofi» 

 St.Sunniva og Alfa Trio (01.11.2015) «Son of God» 

 Fitjar Ad Hoc (25.10.2012) «Lindemann 150 år» 

 Einar Lunde (27.09.2012) «Miraklet i Sør Afrika» 

 Egil Svartdahl, Arild Stav og Svein Skulestad(18.04.2012) «En smak av himmelen» 

 Osternes mannskor (29.03.2012) åndelege songar frå Engesund 

 Anne Kristin Aasmundstveit (23.02.2012) «Salomos høysang» 

 Edvard Hoem (27 okt 2011) ”mors og fars historie” 

 SKRUK (23 sept 2011), konsert 

 Rune Larsen (25 aug 2011), konsert 

 Musikkveld (14.04.2011) 

 Jazzmesse ved Sjømannsmisjonen (24.02.2011) 

 Gunnar Danbolt (25.11.2010) ”Kunsten i kyrkja vår” 

 Olav Vikse ( 28.10.2010) ”Kunsten å leva” 

– Dette frivillige arbeidet gjev Fitjar eit kulturtilbod som betyr mykje for mange av oss. Me foreslår Eli Simonsen, Benedicte Meyer, Hildegunn Aadland og Anne Britt Tornes til Kulturprisen 2016 for sin mangeårige innsats med å arrangere temakvelder i Fitjar kyrkje. Me meiner at denne innsatsen gjer dei til gode kandinater til kulturprisen 2016, skreiv dei som sende inn framlegget.

Og slik vart det: Fitjar kommune sin kulturpris for 2016  går til damene som er nemnt ovanfor, altså til Fitjar sokneråd si temagruppe.

Kontakt oss