Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kulturlandskapsprisen Hordaland 2018

Oppretta: 16.05.2018 – Sist oppdatert 16.05.2018

Kulturlandskapsgruppa i Hordaland ber om kandidatar til Kulturlandskapsprisen for 2018.  Tema for 2018 er "Bratt areal og andre driftsvanskar". 
Det vert i tillegg lagt vekt på at ein tek vare på  heilskapen og mangfaldet i kulturlandskapet når det gjeld biologisk mangfald, kulturhistorie, kulturminne,
bygningsvern, landskapsoppleving eller tiltak mot ureining. 

Prisen vert utdelt av fylkesmannen og er på kr 50 000,- samt eit diplom.

Frist for innsending av forslag: onsdag 30. mai 2018.

Forslag vert å senda elektronisk til: Øyvnd Vatshelle, sekretær for kulturlandskapsgruppa: fmhopostmottak@fylkesmannen.no / fmhooyv@fylkesmannen.no

Kven kan nominerast ?
Prismottakar kan vere enkeltpersonar, fleire gardsbruk, organisasjonar, bygdelag og andre.

Forslag til kandidatar
Kommunar, faglag, rådgivingstenester og andre blir invitert til å komme med forslag. Ein kan fremje eitt eller fleire forslag til kandidatar. Forslaget skal vera i form av skrifteleg omtale, og i tillegg foto eller annan dokumentasjon.

Dersom det ikkje kjem inn kvalifiserte forslag kan Kulturlandskapsgruppa sjølv foreslå ein prisvinnar eller la vere å dele ut prisen. 

Jury
Juryen for prisen er Kulturlandskapsgruppa i Hordaland som er sett saman av representantar frå Fylkesmannen sine landbruks- og miljøvernavdelingar, Hordaland fylkeskommune ved Kulturavdelinga, kommunane i Hordaland ved Fitjar kommune, Hordaland Bondelag, Hordaland Bonde og Småbrukarlag og Norsk Landbruksrådgiving Hordaland.

Invitasjon og markering
Kåring vert gjort i innan utgangen av september. Markeringa skal haldast lokalt hjå prisvinnaren. Det vert lagt opp til eit enkelt arrangement i samarbeid med vinnarkommunen.

Målsetting
Kulturlandskapsprisen skal vera ei påskjøning til dei som har gjort ein mangeårig innsats for å ta vare på landbruket sitt kulturlandskap i Hordaland. Prisen skal bidra til å setja fokus på dei verdiar og kvalitetar som ligg i kulturlandskapet og arbeidsinnsatsen som ligg bak. Prisen kan delast ut kvart år og er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommunen.

Kontakt oss