Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Kulturlandskapsprisen 2014.

Oppretta: 15.10.2014 – Sist oppdatert 15.10.2014

Fylkesordfører Tom Christer Nilsen overrekte Kulturlandskapsprisen 2014 på kr 50 000,- til bonde Ole Gjermund Digernes frå Stord.

Tilsaman 55 gjester deltok i feiringa av vinnaren ved ei markering på Digernes måndag 13. oktober. Fylkesordførar sa at det var ei stor ære å få lov til å dela ut prisen for hans ekstraordinære innsats for å ta vare på kulturlandskapet på Digernes i Stord og Otterøy i Bømlo kommune. Ordførarane i Stord og Bømlo var to av mange som deltok på synfaringa og var med å hylle vinnaren denne dagen. Markeringa vart avslutta med lammefrikaseen som var tilberedt med kortreist lamekjøt, poteter, kålrabi og gulrot frå Digernes tilberedt av kokk Ola Dalh Andersen. 

Meir om kulturlandskapsprisen finn du her

Kontakt oss