Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Karantene for utanlandske arbeidstakarar. Vedtak etter smittvernloven 4-1 for Fitjar Mekaniske Verksted AS.

Oppretta: 25.03.2020 – Sist oppdatert 25.03.2020


Vedtak etter  smittvernloven 4-1 for Fitjar Mekaniske Verksted AS. 

 
Sjå vedtaket i PDF her: Vedtak                                                    


Fitjar Mekaniske  Verksted AS (FMV)  planlegg mottak av om lag 100 arbeidarar frå Polen,  Jfr epost av 18.03.20.  Vi har i dag 25.03.20 mottatt melding om mottak av 50 personar. Desse skal i 14 dagars karantene. Karantene  skje på opphald i rigg på Årskog industriområde i Fitjar.

 

Vi viser til dykkar epost av 18.03,  vårt brev av 20.03.18, og dykkar svar av 23.03 og 25.03.

Viser også til kommunen og smittevernlege si synfaring i går 24.03.20 på riggen for karantene, og møte med dykk i etterkant.  Vi gav dykk konkrete råd i møtet og ved epost i etterkant.

 

Fitjar kommune vurderte at dykkar informasjon av 23.03 ikkje var tilstrekkjeleg  for å møta krava om tilstrekkjeleg smittevern i ei tid med Koronaepidemi.  Folkehelseinstituttet sine krav om karantene

 

Vi har i dag 25.03 mottatt utdjupane dokumentasjon frå  Fitjar Mekaniske Verkstad AS, og denne er noko meir konkret og utfyllande. Likevel vurderer kommunen og smittvernlege at tiltaka ikkje er tilstrekkelege for å oppretthalda eit forsvarleg smittevern på riggen der om lag 50 personar skal opphalda seg i karantene i 14 dagar.

Utfordring til bedrifta er å:

-          Sikra ein tilfredsstillande hygienstandard på riggen som skal nyttast til karantene for arbeidarar i 14 dagar inkludert tilrettelegging for tiltak for individuelle hygiene hjå arbeidarane som bur på riggen.

-          Sikra matleveranse til arbeidarane som bur i karantene, slik at ein opprettheld FHI sine karantenekrav, og reduserer ferdsel mellom riggen og sentrumsbutikkane.

-          Leggja til rette for  ferdsel rundt riggen, og avgrensa dette mot dei  meir folkerike område i kommunesenteret.

 

Kommunestyret har vedtakskompetanse etter smittvernlova.  Pga av saka sin karakter med mottak av 50 arbeidarar frå utlandet på kort varsel frå bedrifta, hastar det å fatta vedtak. Rådmann er gitt hastekompetanse etter delegasjonsreglement  frå kommunestyret 21.12.2016, og rådmannen har delegert mynde til kommunelegen.

I henhold til Smittevernloven §1-5 skal inngrepet vera forholdsmessig. Kommunen vurderer dette slik:

-          Norge er midt inne i ein pandemi med Koronavisrus. Nasjonale styresmakter set strenge restriksjoner for smittvern for befolkningen. Når det kjem mellom 50-100 arbeidearar  frå  Polen til ein liten kommune som Fitjar må det setjast strenge smittverntiltak inn, for både å kunna medverka til at arbeidarane sjølv held seg friske, at det ikkje vert spreiss smitte frå karanteneriggen til dei befolkningstette og sentrumsnære områda i Fitjar, og at evt. smitta arbeidarar ikkje legg stort beslag på helseressursar lokalt og i spesialisthelsetenesta. Eit utbrot av Koronavirus vil kunna medføra ei overbelastning på helsevesnet og vera ein risiko for folkehelsa.

-          Samla sett er fordelande med vedtaket  for arbeidarane og lokalsamfunnet vesentleg større en ulempene for bedrifta.

 

«Fitjar kommune v/ rådmann og smittevernlege fattar følgjande vedtak etter Smittvernloven §4-1 Jfr 5-1

 

Vedtaket gjeld for den perioden Fitjar Mekaniske  Verksted AS  tek imot utanlandske arbeidarar frå EØS området under koronaepidemien

Fitjar kommune set følgjande krav til Fitjar Mekaniske  Verkstad AS  for evt. mottak av inntil 100 arbeidarar  frå Polen i perioden 25.3.20  og utover.


Krav til smittverntiltak på systemnivå


Fitjar kommune krev framlagt følgjande dokumentasjon frå FMV innan kl. 20.00 25.03, i tillegg til det vi har mottatt 23.3 og 25.3

  • Eigenerklæring frå den enkelte arbeidar at han er frisk og utan symptom på luftvegsinfeksjon.
  • Avtale om reinhald av rigg med underleverandør
  • Avtale med vaktselskap om heildøgnsvakthold  eller 07- 23.00 ved rigg for å unngå gruppesamlingar og vandring av folk i karantene til sentrum.

Krav til karantenelokalitet

  • I rigg for karantene skal dei bu på enkeltrom i små grupper med max 5 rom i nærleiken av kvarandre.
  • Fellesrom og garderobar skal stengast
  • Vaskerom skal nyttast av kun ein person om gangen
  • Det er forbudt å oppholde seg fleire på samme rom pga av avstandskrav.
  • ·         Mat skal køyrast til riggen og fordelast til kvar bebuar sitt rom.
  • Handling på butikk skal organiserast av bedrifta som felles innkjøp og distribusjon, og tilkøyring til riggen. Dette for å forhindra størst mogeleg grad av forflyttning av folk mellom riggen og sentrumsbutikkane.
  • Det skal gjennomførast reingjering av lokaliteten sitt gangareal; trappeoppgang, vaskerom, kontaktflater dagleg  samt dagleg håndtering av matavfall og  tilført nye håndklær av reinhaldsbyrå.  Vask av beboerrom skal skje anna kvar dag.

Krav til smittverntiltak på individnivå

  • Det skal være dispenser for såpe på kvart rom for å sikre god håndhygiene. Hender skal vaskast føre ein forlet rommet og når ein kjem attende.
  • Det er forbudt å oppholde seg flere på samme rom.Det er krav til avstand mellom bebuarane på  min 2 meter.
  • Det skal være informasjonsplakater om håndhygiene og hosterutiner på polsk på alle rom
  • Folk kan gå tur, helst åleine og med avstand på 2 meter dersom ein går fleire. Aldri over 5 samla.

Lokalitet for isolasjon

  • Ved symptom på akutt luftvegssjukdom som feber, hoste eller tung pust, skal den tilsette opphalda seg på rommet sitt og  isolerast.  Arbeidsgjervar skal kontaktast på telefon av den berørte.
  • Dersom arbeidstakar må ha legetilsyn kontaktar han legekontor i Fitjar, legevaktsentral eller legevakt 116117. Dersom arbeidstakar må fraktast til lege skal det skje med sikker transport i samråd med legetenesta.
  • Arbeidsgjevar har eit ansvar for å sjå til at den tilsette har mat og det som den har behov for, sikrar at vedkommande får naudsyn helsehjelp om behov oppstår. Dette inneber at ein har kontinuerleg kontakt med den som er blitt sjuk.
  • Arbeidsgjevar har ansvar for at den som eventuelt har vore i nærkontakt med vedkommande som er blitt sjuk innan 24 t før symptom, skal vidareførast i karantene. Dette inneber at arbeidsgjevar må oppretthalde same tilbod og regime nye 14.dagar.

 

 

Fitjar kommune har ikkje økonomisk ansvar for konsekvensane av dette vedtaket.»

 

Vedtaket kan i hht. Smittvernloven klagast på Jfr § 8-3.  Klageinstans er fylkesmannen i Vestland.

 

 

Olaug Haugen                                                                       Shaie Waleed Brisam

Rådmann                                                                               Smittvernlege

Kontakt oss