Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Invitasjon til fagmøte om optimalisert bruk og lagring av husdyrgjødsel.

Oppretta: 17.03.2015 – Sist oppdatert 17.03.2015

Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, i samarbeid med Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor og Fylkesmannen i Hordaland, inviterer gardbrukarar i Stord og Fitjar til fagmøte der hovudtema vert: Optimalisert bruk og lagring av husdyrgjødsel.     

Invitasjon til fagmøte 18. mars 2015

Tid: kl 19:30-21.30

Stad: Fitjar Sjø & Camping

Husdyrgjødsla er bondens gull, vert det sagt; men kva ligg gullprisane på i våre dagar?

Innkjøp av mineralgjødsel er ein betydeleg utgiftspost for gardbrukarar. Husdyrgjødsel kan potensielt medføra ureining. God utnytting av næringsemna i husdyrgjødsla reduserer avrenning av næringsemne, samstundes som behovet for kjøp av mineralgjødsel vert redusert. Det er difor om og gjera å nytta husdyrgjødsla på eit vis som gjev best mogleg utnytting av ressursane på garden.           

Gjennom å setja fokus på temaet Optimalisert bruk og lagring av husdyrgjødsel ynskjer me å inspirera til at du som gardbrukar får best mogleg valuta for innskotet som er gjort i gjødselkjellaren!

Program for kvelden:

  1. Landbruk og ureining v/Øyvind Vatshelle (Fylkesmannen i Hordaland, landbruksavdelinga)
  2. Optimalisert utnytting og lagring av husdyrgjødsel v/Torleif B. Haavik (NLR Hordaland)
  3. Presentasjon av resultat frå grovfôranalysar av avlinga i 2014 v/Lise N. Austrheim (NLR Hordaland)      

Det vert servert kaffi og smørbrød.

Vel møtt!  

Kontakt oss