Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Informasjon om kurs i Helsetorgmodellen. Planlagt til oktober 2012

Oppretta: 14.06.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

 

HSH med ny vidareutdanning i KOLS.

Ei kartlegging viste at helsepersonell både i kommunar og sjukehus treng meir kunnskap og kompetanse på pasientar med KOLS. - No kjem HSH med ei ny vidareutdanning innan fagfeltet, seier førstelektor Astrid Berland ved HSH. Målet med den nye vidareutdanninga er å auke helsepersonell sine kunnskapar, slik at dei møter KOLS-pasientar på ein fagleg forsvarleg måte. Også leger er målgruppa for kurset/deler av kurset.

- Vidareutdanninga startar opp i oktober, og me samarbeidar godt med Tysvær kommune og Helse Fonna, fortel Berland. Utdanninga utgjer 7,5 studiepoeng    og går over seks dagar i høgskolebygget i Haugesund. Den nye vidareutdanninga skal bidra til at helsepersonell kan observere og setje i verk tiltak for å gi god oppfølging og betre livskvalitet for pasientar med KOLS. – Like viktig er å førebyggje at komplikasjonar oppstår, samt bidra til å fremme pasientane si meistringsevne og helse, seierførstelektor og prosjektleiar for den nye vidareutdanninga i HSH, Astrid Berland

Kontakt oss