Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Informasjon om feiing og tilsyn med fyringsanlegg i Fitjar kommune

Oppretta: 28.09.2009 – Sist oppdatert 25.03.2014

For å ivareta forskriftskrav, vil feietenesta i Fitjar kommune bli noko endra i høve til tidlegare år. Tidlegare år har det vore praktisert feiing kvart år, og tilsyn har vore utført dersom huseigar har bede om dette, eller ved ny installering av eldstad, eller endring av eldstad.

Det forskriftskravet legg opp til no, er at feiaren sitt arbeid skal i størst mogeleg grad vere brannførebyggjande, det er difor lagt større vekt på at det vert utført tilsyn på eldstader, og at feiaren kan gi informasjon til huseigar om branntryggleik, og rett fyring for å unngå pipebrann o.a.
Utføring av feiing skal skje etter behov, men ikkje sjeldnare enn kvart fjerde år, krav om tilsyn er og sett til minimum kvart fjerde år.

Feie og tilsynsforskrifta (”Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn”):
Forskrifta presiserer krav til feiing og tilsyn av fyringsanlegg, forskrifta regulerer feie og tilsynsfrekvensen.

Feiing skal etter forskrifta utførast etter behov, og minst kvart fjerde år. På grunnlag av erfaringar, og feiaren si vurdering, har ein bestemt at feiing må utførast oftare enn minimumskravet, det vil difor vere behov for at alle bustader i Fitjar med eldstad skal feiast anna kvart år. 

Dersom det er behov for oftare feiing enn anna kvart år, vil dette bli utført, etter feiaren si vurdering gjeld dette kunn eit få tall av skorsteinane i kommunen.
Tilsyn skal i samsvar til forskrift utførast minst kvart fjerde år, ein har bestemt at tilsynet i Fitjar kommune skal utførast etter forskrifta sitt minimumskrav, det vert difor tilsyn av fyringsanlegg i alle bustader i Fitjar kvart fjerde år.

Kva tenester den årlege feieavgifta dekker:

Varsel og gjennomføring av feiing av skorstein kvart andre år. Ved feiing vil feiaren også gi opplysningar og råd om mellom anna:

  • Opplysningar om tilstand på skorstein.
  • Gi råd om rett fyring, og om kva ein skal gjere ved pipebrann.

Kontroll av eldstad/fyringsanlegg.

Rådgjeving i saker som omhandlar skorstein/fyringsanlegg.

Førebyggjande brannvern informasjon.

Varsel og gjennomføring av tilsyn av eldstader kvart fjerde år. ved tilsynet vil tilsynspersonalet også kunne gi opplysningar og råd om mellom anna fylgjande:

  • Opplysningar om eldstadens tilstand
  • Gi råd om rett fyring og om kva ein skal gjere ved pipebrann.
  • Gi råd om plassering, vedlikehald og bruk av sløkkjeutstyr.
  • Gi råd om plassering og vedlikehald av røykvarslar.

 Som nemnt blir feiing utført anna kvart år og tilsyn kvart fjerde år. Over ein 4 års periode vert det utført 3 tenester.

Tabell under syner prinsippet for tenestetilbodet.

År 2009

År 2010

År 2011

År 2012

Tilsyn

Feiing

 

Tilsyn

Andre opplysningar:

Spørsmål om feiing og tilsyn
Spørsmål om feie og tilsynstenesta kan stillast til Brannsjef Tore Nesbø på tlf nr. 41542610/53458546 eller e-post: tone@fitjar. Kommune.no

Klage på feie og tilsynstenesta
Dersom de ønskjer å klage på kommunen si feie og tilsynsteneste, må dette vere skrifteleg til Fitjar kommune.

Ansvar:
Eigar har ansvar for at fyringsanlegget er intakt og virke som det skal. Eigar har og ansvar for tilkomst til fyringsanleggets skorstein og eldstader er tilfredsstillande.

Kommunen har ansvar for at det gis tilbod om ein tilfredsstillande feie og tilsynsteneste. Vidare skal kommunen føre ein oversikt over alle fyringsanlegg.

Utføring:
Etter samarbeidsavtale mellom Stord og Fitjar kommune vil personale frå Stord brann og feiarvesen utføre tenesta i Fitjar kommune.

Kontakt oss