Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Influensa- og pneumokokkvaksinasjon 2019

Oppretta: 11.10.2019 – Sist oppdatert 17.10.2019

Personar med risikosjukdom vert tilrådd vaksinasjon mot influensa og pneumokokksjukdom.

 

Følgjande risikogrupper får tilbod om vaksine ved Fitjar Helsestasjon:

  • Personar over 65 år
  • Bebuarar i omsorgs-, alders- og sjukeheim
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast
  • Vaksne og born med 
    - kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    - kronisk hjarte/kar sjukdom, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt
    - sjukdom som gjev nedsett infeksjonsmotstand
    - diabetes type 1 og 2
    - kronisk nyre- eller leversvikt
    - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    - annan alvorleg og/ eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
    - svært alvorleg fedme, dvs. BMI over 40 ( BMI = kg/m2)

 Tidspunkt:

Fitjar Helsestasjon vil tilby vaksinasjon for alle grupper følgjande dagar:

-       Tysdag 05. november kl. 08.30 – 14.00

-       Fredag 08. november kl. 08.30 – 14.00

-       Tysdag 12. november kl. 08.30 – 14.00

-       Fredag 15. november kl. 08.30 – 14.00

Pris:

-          Influensavaksine kr. 200,-                                 

-          Pneumokokkvaksine kr. 500,-

NB! Me ynskjer helst betaling med kort eller VIPPS.

 

Vidare vaksinasjon vil skje hjå Fitjar Legesenter hjå den einskilde fastlege. 

Det vil vera mogleg å tinga time for vaksinasjon følgjande dagar:

- Dr. Waleed: 08.11.19, 13.11.19 (kl. 12-15) og 18.11.19 (kl. 12-15)

- Dr. Gabor: 01.11.19 og 15.11.19

- Dr. Alina: 05.11.19 (kl. 08.30-10 og 13-15), og 07.11.19 (kl. 12.30-14.30)

 

Friske personar over 65 år, gravide, barn og helsepersonell kan ta kontakt med Fitjar Helsestasjon for timebestilling utover oppsette dagar.

For meir informasjon/spørsmål ta kontakt med din fastlege, eller Fitjar helsestasjon.

Fitjar Legesenter: 53457190. Fitjar Helsestasjon: 480 48 730/915 24 832.
Evt e-post: helsestasjon@fitjar.kommune.no

Sjå elles informasjon hjå Folkehelseinstituttet: https://fhi.no/sv/influensa/sesonginfluensa/

Kontakt oss