Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

ID 560 Miljøarbeidar/miljøterapeut, 81,4 % vikariat

Oppretta: 12.08.2019 – Sist oppdatert 12.08.2019

Miljøterapeut/miljøarbeidar i bustad

Kommunen søkjer etter miljøterapeut/miljøarbeidar til ein bustad for bebuar med hjelpebehov, der ein har 1-1 bemanning.

 

Me treng:

Vikariat 81.40 % stilling med dag og langvakter vekedagar og helg.

Vikariatet vil gjelde frå:  September-19 til Januar-20 i første omgang, med moglegheit for forlenging.

 

Me søkjer etter deg som :

Er vernepleiar, sjukepleiar, autorisert helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar og andre med relevant kompetanse.

Har evne til å formidla ro og fred rundt seg. Har godt humør og tek uforutsette hendingar som ei utfordring, og interesse for å skape eit godt samarbeid mellom brukar, pårørande og tilsette. Er fleksibel og ein ressurs i arbeidsmiljøet.

Har sertifikat på bil.

Menn vert oppmoda om å søkje.

 

Personlege eigenskapar som samarbeidsevne og fleksibilitet vil verte vektlagd.


Arbeidsoppgåver:

Fylgja og vegleia bebuar i daglege gjeremål.

 

Fitjar kommune kan tilby:

Konkurranse dyktig lønn

Godt arbeidsmiljø

Vegleiing, og opplæring

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.

 

Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å kontakta

Avdelingsleiar Modgunn Trovåg Vik tlf: 902 37 938 eller

einingsleiar Iren Mari Hamborg tlf: 53 45 86 18/974 67 069

 

Søknadsskjema finn du her.

Søknadsfrist : 1. september 2019

Kontakt oss