Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Har du ein god ide?

Oppretta: 08.05.2015 – Sist oppdatert 08.05.2015

Lurar du på om din ide kan utviklast til noko meir? Ynskjer du å etablera eiga bedrift? Treng du hjelp med utvikling av di bedrift? Fitjar Kommune invitera alle som har ein god idé til å ta kontakt med kommunen sitt næringsapparat. Ordførar Wenche Tislevoll og Astrid Kjellevold Steinsland frå Atheno kan bidra på ulike felt, innan ulike bransjar og i ulike fasar innan forretningsutvikling.

Ved å henvenda seg til ein av desse, kan ein få hjelp til både å vurdera ide og til rådgjeving vidare.

For Fitjar kommune er arbeidet med å utvikla gründerkultur, og det næringslivet ein i kommunen skal leva av i framtida, særs viktig. Ein ynskjer å  bidra til at gode idear og prosjekt, som kan løfta lokalt næringsliv, får positiv starthjelp. Idear og eldsjeler finnes, og håpet er at ein kan bidra til at  gode idear kan verta realisert og skapa varige arbeidsplassar i kommunen.

Gjennom 2015 vil det verta invitert inn til ulike fagsamlingar. Og det er berre til å ta kontakt dersom ein ynskjer rådgjeving eller meir informasjon om dette.

 

 

 

Kontakt oss