Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Haaland ny rektor

Oppretta: 08.05.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Bjørn Haaland har takka ja til stillinga som rektor ved Rimbareid barne- og ungdomsskule. - Eg er svært nøgd med at Bjørn har teke på seg å vidareutvikla storskulen i Fitjar, seier skule- og oppvekstsjef John Karsten Raunholm.

 

Bjørn Haaland med blomar frå skulesjefen.

 

Gjennom lang erfaring frå skulesektoren har Haaland god ballast for stillinga. Han har arbeidd som inspektør ved Rimbareid barne- og ungdomsskule i lang tid, og kjenner skulen godt. Haaland har òg bakgrunn frå Utdanningsforbundet.

 

Haaland tek til som rektor over sumaren.

 

Kontakt oss