Hopp til innhold Hopp til søk

INFLUENSA- OG PNEUMOKOKKVAKSINASJON I FITJAR KOMMUNE

Oppretta: 09.11.2018 – Sist oppdatert 12.11.2018

Her er informasjon om vaksiner. Kvar og kortid ein kan få dei, og kven som kjem inn under risikogruppene.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Grunnleggjande kurs i bruk av motorsag

Oppretta: 06.11.2018 – Sist oppdatert 06.11.2018

Kurset er tilpassa skogeigarar, gardbrukarar og andre som ynskjer grunnleggjande opplæring i bruk av motorsag.  Kursdagar er 14 og 15 desember.

Emne for kurset er:
Vedlikehald og vedlikehaldsrutinar
Grunnleggjande bruk av motorsag og arbeidsteknikk
Sikker bruk av hjelpeutstyr ved felling og kapping
Sikker kapping av stammer i spenn
Sikkerheitsreglar og personleg verneutstyr
Praktiske øvingar ute i skogen

Med eigen instruktør frå Aktiv skogbruk kombinerer vi teori og praktiske øvingar basert på deltakarane sin arbeidssituasjon. Kurset vert gjennomført med ein kveld for teoridelen og ein heil dag ute i skogen for praktiske øvingar. Det vert lagt stor vekt på tryggleik.  Deltakarane nyttar eigen motorsag og verneutstyr.

Vi er allereie godt i gang med førebuingane til første kurs som vi skal halde 14. og 15. desember. Her er det ennå nokre få plassar igjen, men vi har planar om fleire kurs utover vinteren og tidleg vår.
Kursstaden:  Fitjar-Stord. Pris ca. kr 2000.-

Påmelding til Gunnar Kleve, Stord/Fitjar landbruks- og miljøkontor på e-post gkle@fitjar.kommune.no eller på telefon 53 45 85 47

 

 

Kontakt oss