Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

GRATIS HPV-VAKSINE TIL KVINNER FØDD I 1991 ELLER SEINARE

Oppretta: 15.11.2016 – Sist oppdatert 15.11.2016

 

Unge kvinner er tilrådd vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Vaksina kan førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft.
Frå hausten 2016 får kvinner fødd i 1991-1996 tilbod om gratis HPV-vaksine. Jenter som er fødd i 1997 eller seinare har fått tilbod om vaksinering i 7.klasse, som del av barnevaksinasjonsprogrammet.
Dersom desse av ulike grunnar ikkje har fått vaksina, kan også dei få tilbodet.
Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser som vert gjeve i løpet av 6-12 mnd, og må startast opp innan utgangen av 2018.

 

Fitjar kommune tilbyr vaksinasjon ved Fitjar Helsestasjon:
Onsdag 23. november 2016        kl. 14.00-16.00
Torsdag 24. november 2016       kl. 14.00-16.00
Onsdag 28. desember 2016        kl. 10.00-14.00

Sistnemnte dato er i hovudsak for studentar som bur i utland og kjem heim til jul.


Nærare informasjon får de ved å kontakte leiande helsesøster Linn Therese Olaussen, tlf: 915 24 832/ 534 58606.
Meir informasjon om HPV og HPV-vaksina: www.fhi.no/hpv-vaksine

 

Kontakt oss