Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Gallleri Losjen opningstider.

Oppretta: 07.08.2019 – Sist oppdatert 20.08.2019

I Galleri Losjen har måleriutstillinga til Grethe Angen følgjande opningstider: torsdag og fredag kl. 16.00 - 19.00 og laurdag og søndag kl. 13.00 - 16.0. Siste dag er søndag 1. september.

Grethe Angen er fødd og oppvaksen på Stord. Ho har  teikna heile livet. Ho byrja å mala då ho  fekk kontakt med kunstnaren Eser Afacan i 2000. Han lærde ho mange flotte teknikkar. Ho har og studert klassiske teknikkar på Florence Academy of art i Firenze i 2005. Etter kvart ynskte ho å læra meir om gamle teknikkar innan oljemaling. Ho reiste til Holland i 2014 og tok eit kurs i friluftsmaling med kunstnaren Roos Schuring, og vart frelst i den måten å mala på.

I dag har ho har eit variert utrykk basert på gamle teknikkar i kolstift og olje  Kunsten hennar består hovudsaklig av portrett,stilleben og landskapsmaleri som Inspirert av dei sterke kvinnene i norsk malarhistorie. Kitty Kielland og Harriet Backer er favorittane som ho kallar» veninnene sine frå attenhundretalet.

Etter Firenze fekk ho mange ulike kontaktar som har gjeve ho mange tips og råd om korleis utvikle ho kunne utvikle seg teknisk. Ho seier at i det heile reknar ho seg som «sjølvlært med god hjelp».

Grethe er ofte å finne ute i naturen, det er der ho er i sitt rette element når ho skal skapa den flotte kunsten sin.


EXHIBITIONS
2015 Colors of humanity juried online show
2015 Stord Kunstlag Medlemsutstilling
2012 Light Space and Time, juried exhibition
2012 Still Point Gallery juried exhibition
2011 Stord Kunstlag, medlemsutstilling
2006 Stord Kunstlag, medlemsutstilling
2005 FAA summer exhibition
2005 Fineart.no
2003 Etnemarknaden Art and craft market, Norway
2001 Etnemarknaden, Art and craft market , Norway.

Kontakt oss