Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Framleis bandtvang i beiteområde

Oppretta: 31.08.2016 – Sist oppdatert 31.08.2016

Fitjar kommune har gjennom lokal forskrift bandtvang i område der husdyr har rett til å beite og faktisk beitar fram til 15. oktober.

 

Det er generell bandtvang i Norge mellom 1. april og 20. august. Gjennom ei lokal forskrift til hundelova har Fitjar kommune utvida tidsrommet for bandtvang.

 

Ut over normal bandtvangstid, 1. april-20. august, skal hundar haldast i band eller forsvarleg innestengt på følgjande stadar:

  1. I tilknyting til bustad- og handleområde.
  2. På gravplassar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett og sport.
  3. I område der husdyr har rett til å beite og faktisk beitar 21. august-15. oktober.
  4. I følgjande tur- og rekreasjonsområde
    a) Rossneset
    b) Breiavikjo

 

Les forskrifta her.

Kontakt oss