Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Feira jubilantar og nye pensjonistar

Oppretta: 18.12.2015 – Sist oppdatert 21.12.2015

Fitjar kommune ønskjer å gjera stas på medarbeidarar som har vore i kommunen i 25 år, og dei som går av med pensjon i løpet av året. Samlinga fant stad på Fitjar Fjordhotell 9. desember.

 

Bilete: Rådmann Atle Tornes delar ut plakett til Solveig Lie, medan ordførar Wenche Tislevoll står klar med blomar.

 

I år skulle 25-årsjubilantane Marit Ottesen, Maryann Molvik Eriksen, Solveig Lie, Klara Hugøy og Inger Marie Gilje feirast. Ragnhild Midtsæter, Vigdis Brakedal, Gunn Annie Kvernenes og Grethe Reksten har pensjonert seg i løpet av året.

 

På menyen stod skalldyrfat, hjortefilet og multekrem. Ordførar Tislevoll haldt tale til kvar og ein av medarbeidarane, og takka for lang tid i teneste for Fitjar kommune.

F.v. ordførar Wenche Tislevoll, Vigdis Brakedal (pensjonist), Ragnhild Midtsæter (pensjonist), Klara Hugøy (25-årsjubilant), Maryann Molvik Eriksen (25-årsjubilant), Marit Ottesen (25-årsjubilant), Inger Marie Gilje (25-årsjubilant), Atle Tornes (bak) (rådmann), Grethe Reksten (pensjonist), Solveig Lie (25-årsjubilant). Bilete: Fitjar kommune. Gunn Annie Kvernenes var ikkje tilstades på biletet.

Kontakt oss