Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Feiing i Fitjar kommune

Oppretta: 16.04.2015 – Sist oppdatert 16.04.2015

Feiing foregår for tida i deler av Fitjar kommune.  Feinga vert utført av Stord Feiarvesen.  Dei sender kun varsel om feiing via SMS på "Varsle meg". 

For at du skal bli varsla må du vera registert i Opplysningen 1881 som innbyggjar i Fitjar kommune. Dersom du har telefon registrert hjå arbeidsgjevar, hemmeleg nummer eller nyleg har flytta til kommunen, kan du sjå om du er registrert ved å gå til varslemeg.no.

Dersom du ikkje er registrert, kan du førast opp i kommunen sitt tilleggsregister. Dette gjer du sjølv via varslemeg.no.

Varslingstenesta fungerer ved at varsel blir sendt per telefon til personar og verksemder som er registrert på aktuell adresse.

Kontakt oss