Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Eit svært godt økonomisk resultat for Fitjar kommune i 2018

Oppretta: 20.02.2019 – Sist oppdatert 22.02.2019

Pressemelding
Fitjar kommune  fekk eit svært godt økonomisk resultat i 2018, med eit mindreforbruk på 16,5 mill.  Det var budsjettert med eit mindreforbruk på 1,7 mill.

Ei særskild stor utbetaling frå Havbruksfondet på 12,4 mill. bidrog vesentleg.  I tillegg førte sterk skatteinngang på landsbasis til at kommunen fekk 2,2 mill. meir i netto skatteinngang.

 

Ein stram  budsjettdisiplin gjer at dei aller fleste avdelingane bidreg til det gode resultatet.  I pleie og omsorg har ein klart å innhenta  tilskot til mange prosjekt for fornying og forbetring  av tenestene.   Mykje av arbeidet er gjort av eksisterande bemanning, og er noko av årsaka til deira  overskot på 2,76 mill.  Skule og oppvekst leverer eit rekneskap godt innanfor budsjett (0,8 mill.), slik dei har gjort i fleire år.

 

Vi har også ein del økonomiske utfordringar: Aukande utgifter til m.a. straum, sosialhjelp og interkommunale samarbeid. Dette er utfordringar som også påverkar budsjetta framover.

 

Kommunestyret vedtok å nytte 10 mill. av overskotet i 2018 til å finansiere drifta i perioden 2019-2022.  Utbetalinga frå havbruksfondet vil ein ikkje få på same nivå i 2019.  Fitjar kommune må difor halda fram med sitt igangsette omstillingsarbeid, streng budsjettdisiplin, samt å ta i bruk tiltak for meir kostnadseffektiv drift.

 

Olaug Haugen
rådmann

Kontakt oss