Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Einige om omstillingsavtale

Oppretta: 16.03.2016 – Sist oppdatert 16.03.2016

Kommunestyra har bestemt at kommunane skal inngå ein omstillingsvtale med arbeidstakarorganisasjonane ved ei kommunesamanslåing. Denne avtalen er no i hamn.

 

Både administrasjon og representantar frå fagforeiningane var samla på Stord rådhus fredag 11. mars for sluttføring av omstillingsavtale for Stord og Fitjar kommunar. Avtalen gjeld for endringsprosessane i samband med kommunesamanslåinga mellom Stord og Fitjar, som innbyggjarane no skal ta stilling til i ei folkerøysting.

 

I den overordna avtalen vert det mellom anna stadfesta at ingen tilsette skal seiast opp som følgje av omstillinga. Dersom det skjer endring i arbeidsoppgåver og tenestestad skal dette skje etter medverknad frå dei tilsette. Vidare heiter det at tilsette ikkje skal få reduksjon i løna si som følgje av kommunesamanslåinga.

 

Føremålet med omstillingsavtalen er å gi nærare retningsliner for korleis omstillingsprosessen skal gjennomførast, for å sikra ein ryddig og føreseieleg prosess. Det er viktig for kommunane å slå fast at den enkelte tilsette har tryggleik i arbeidstilhøvet under omstillingsarbeidet.

 

Les avtalen her

 

Kontakt oss