Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Digital postkasse

Oppretta: 06.01.2016 – Sist oppdatert 06.01.2016

Fitjar kommune vil gradvis gå over til å senda brev til innbyggjarane via Digital postkasse. Brev til verksemder og organisasjonar vil bli sendt via Altinn.


Statlige etatar blir pålagd å senda post digitalt frå 2016. Skaffar du deg digital postkasse hos Digipost eller e-Boks vi du sjå at stadig fleire offentlege verksemder sender post der. Då treng du kun å halda deg til éin felles digital postkasse frå det offentlege. Dessutan får du posten din raskare fordi du slepp å venta på postgangen, posten blir laga på ein og same stad og me sparar miljøet.


Ditt trygge arkiv

Vanlig e-post er ikkje ein trygg måte å senda meldingar på. Skal du ta imot brev frå det offentlege digitalt må du ha ein digital postkasse. Det er trygt og enkelt å motta post digitalt frå det offentlege når du har digital postkasse frå Digipost eller e-Boks. Du bruker ID-porten til innlogging for å lesa din digitale post frå det offentlege, og brev i postkassen kan lagrast der så lenge du ønskjer.


Vel digital postkasse på noreg.no

Du kan velja mellom to postkassar – Digipost eller e-Boks. På samme måte som du kan velja mellom ulike bankar og forsikringsselskap skal du enkelt kunne velja den postkassen som passar best for deg. Når du mottar digital post frå Fitjar kommune vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du alltid når du har motteke noko. Les mer om korleis du opprettar din digitale postkasse hos e-Boks eller Digipost på noreg.no.


Kva skjer om du ikkje skaffar deg digital postkasse?

Utan ein digital postkasse må du logge inn på ulike etatars nettsider og løysingar for å lesa viktige brev digitalt, eller du vil motta brev på papir. Fra Fitjar kommune vil du få brev i Altinn om du ikkje har digital postkasse fra e-Boks eller Digipost. Og om brevet ikkje blir opna i Altinn innan to dagar vil du automatisk få det på papir.

 

Du kan òg reservera deg mot kommunikasjon på nett. Du vil då Framleis få viktig post frå det offentlege på papir. Les mer på noreg.no.

Kontakt oss