Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Busetting av flyktningar i Fitjar

Oppretta: 02.06.2015 – Sist oppdatert 15.06.2015

Fitjar kommune har vedteke å busetja 30 – 32 flyktningar i åra 2015 – 2017.  

Busetting av flyktningar i Norge

Norge har forplikta seg til å hjelpa på ulike kriser i verda. På verdsbasis er over 16 000 000 menneske på flukt frå ulike kriser. Av desse har Norge forplikta seg til å ta i mot om lag 10 000. Det er eit relativt lågt tal.
I Norge er det frivillig for kommunane å busetta flyktningar og det er såleis dei folkevalte i kvar kommune som tek avgjerd om kor mange som skal busettast i ein kommune.

Flyktiningar til Fitjar

Ein har lagt opp til at det skal koma 16 flyktningar i 2015 og 15 flyktningar i 2016. Flyktningane som kjem til Fitjar er ikkje asylsøkjarar, men menneske som har fått innvilga opphald.

Om du lurer på noko meir er dei to tilsette i flyktningtenesta glad for å kunna gje meir informasjon:

Mette  Hauge tlf 47419988 mhau@fitjar.kommune.no

Kristin Skare tlf 95750151

krsk@fitjar.kommune.no

Kontakt oss