Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Brannfare i skog og utmark

Oppretta: 11.05.2016 – Sist oppdatert 11.05.2016

Fitjar kommune v/brannvesenet vil minne om at det i tida 15. april til 15. september er forbode å gjera opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

 

Med skog og anna utmark meinast alt unntatt innmark. Ein minner òg om at ein kvar har plikt til å visa aktsemd ved utføring av aktivitetar som kan føra til brann. Å gjere opp eld må forståast vidt og omfattar bruk av eingangsgrill samt bål og peisinnretningar.

 

Meteorologisk institutt har gått ut med obs-varsel for Hordaland fylke, om lokal stor gras- og lyngbrannfare inntil det kjem nedbør av betydning. Det er òg meldt om vind til helga, noko som vil kunne gjere forholda ennå meir utfordrande.

 

Kontakt oss